Om skulen

Grunnskule for vaksne

2007-04-21_004Grunnskule for vaksne tilsvarar 10 årig norsk grunnskule.

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang og lengde for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

 

Som elev i grunnskulegruppa kan du få undervisning i faga:

  • norsk
  • matematikk
  • engelsk
  • samfunnsfag
  • naturfag

Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar

Undervisninga held til i skulebygget ved Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak i Kinsarvik.  Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i heradet. Vaksne innvandrarar med opphaldsløyve som gjev grunnlag for busetjingsløyve, har rett og plikt til 250 timar opplæring i norsk og 50 timar samfunnsfag. Dei som har trong for meir opplæring, kan få opptil 2 700 timar i tillegg. Rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar er lovfesta frå 1. september 2005.

Les meir:  www.imdi.no, www.udi.no, og introduksjonslova  (kapittel 4). Asylsøkjarar har tilbod om 250 timar norskopplæring medan dei bur i mottak. Arbeidsinnvandrarar betalar kr 50,- per time. Det overordna målet for opplæringa i norsk og samfunnsfag er å styrkja innvandrarane sine føresetnader til å kunna delta aktivt i arbeids- og samfunnslivet.

Alle deltakarar med rett og plikt til undervisning skal ha sin individuelle plan. Planen skal tilpassast den einskilde sine ressursar og kompetanse. Planen skal utarbeidast i samarbeid med deltakaren.

Undervisninga fylgjer «Læreplan i norsk og samfunnsfag». Les meir: www.vox.no

For deltakarane er det viktig å kunna dokumentera norskkunnskapane sine. Det er difor eit mål at flest mogeleg avsluttar opplæringa med Norskprøve 2 eller 3.

Les meir www.norskspraaktest.fu.no

Timetalet for dei ulike gruppene varierer frå 6 – 20 timar per veke. Nye grupper vert starta minst fire gonger i året.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!