Husbanken, søknad om startlån og bustadtilskot

Generelt

Omtale

Ullensvang herad administrerer låne- og tilskotsmidlar via Husbanken.

Startlån

Startlån er ei behovsprøvd låneordning som skal medverka til at husstandar med svak økonomi, som unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgarar, funksjonshemma, flyktningar, personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og andre økonomisk vanskelegstilte husstandar, skal kunna skaffa seg ein nøktern og eigna bustad. Startlånet kan nyttast til kjøp av bustad, oppføring av bustad, utbetring av bustad og refinansiering. Startlån vert vanlegvis gitt som ei toppfinansiering som vert brukt i kombinasjon med bankfinansiering. Ullensvang herad tilbyr startlån til Husbanken si flytande rente med eit tillegg på 0,25%.

Last ned søknadsskjema

Retningsliner:

Retningsliner frå Husbanken
Retningsliner frå Ullensvang herad
Du kan også søkje om startlån elektronisk: https://tjenester.husbanken.no/startsok

Bustadtilskot

Bustadtilskotet skal medverka til å skaffa og sikra eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det kan søkjast om tilskot i samband med etablering eller ved utbetring/tilpassing. Ved vurdering av tilskot, vert det lagt vekt på søkjaren sin økonomi.

Bustadtilskot er strengt behovsprøvd i høve søkjaren sin økonomiske situasjon. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadtilskot.

Søknadsskjema

 

Retningsliner

Retningsliner frå Husbanken

Meir informasjon finn du her: www.husbanken.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *